top of page
Føsselie grønn logo-02.png

Dette er Ryfoss

Eit lite sentrum som har alt. Det er kva Ryfoss kan skilte med, heilt sør i kommunen. Her finn du byggjefelt, sentrum, Joker-butikk, Jokerspace, treningssenter, bensinstasjon, frisør, diskgolf, ballbinge, Ryfossen og Utsikten. Den sentrale plasseringa mellom Jotunheimen og bygdebyen Fagernes gjer Ryfoss til ein attraktiv plass for mange.

Har du og resten av familien eit ynskje om å flytte til eit levande og inkluderande bygdesamfunn, omgjeve av storslått natur? Då kan dette vere moglegheita! Dei nye tomtene ligg i utvidinga av det eksisterande bustadfeltet.

 

AVSTANDAR:

Vang sentrum: 17,5 km   Beitostølen: 27 km
Fagernes: 34 km    Lærdal/Årdal: 79 km

Vang logo.png
Føsselie grønn motiv-03.png

Kvardag i Ryfoss

Sentrum 3.jpg

Midt i Valdres

Ryfoss betyr enkel tilgang til arbeidsmarknaden i heile øvre del av Valdres der du når både Fagernes, Vang sentrum, Heggenes, Beitostølen, Slidre og Røn med mellom 10 og 30 minutt køyring.  

P1070667 crop.jpg

Tur og natur

Med elva rett forbi og flotte stigar i skog- og kulturlandskapet er Ryfoss midt i naturen. Med Ryfoss som utgangspunkt er du også i Jotunheimen, på Filefjell eller Beitostølen på ein halvtime. Stølsområda Syndin, Vaset og Slettefjell er endå nærare - opplevingane står i kø for den som likar å være ute. 

kafe.jpg

Levande grend

Du finn matbutikk, kafé, bruktbutikk, bensinstasjon, frisør, tannlege og busshaldeplass i Ryfoss sentrum. I tillegg er det ballbinge, leikeplass, grillhytte og ein heilt eigen «Jokerspace», som ein kreativ samlings– og skaparplass for ungane i heile regionen. 

Vang logo-01.png
Kvardag i Ryfoss

Føsselie

21 grovplanerte tomter

frå 0,9 til 1,4 mål.

Lettbygde tomter med tilgang til vatn, avlaup, straum og fiber.

Tomtene ligg på solsida med god utsikt, kort avstand til friområde og Ryfoss sentrum.

Vang: 15 min.

Fagernes: 35 min.

Beitostølen: 30 min.

Filefjell: 35 min.

Valdresflya: 50 min.

Tomtene
PrivatMegleren logo.png

Salg av tomter i Føsselie vert utført av PrivatMegleren på oppdrag frå Vang kommune.  

Ansvarleg meglar og oppdragsansvarleg: 

Marit Nystuen

Tomtekart
Kontakt megler
Kart
bottom of page